LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 03/07 2002
Bumannsvatnet og Dazavarri
Bumannsvatnet (foto:hakre)
Bumannsvatnet (foto:hakre)
Vandreterreng og namn i Kaperdalen:
Bildet: Bumannsvatnet ved tunellen.
Dazavarri e fjellryggen bak.


Bumannsvatnet ligg øverst i Kaperdalen
ved tunnellen mot Sifjorden.
Den langstrakte fjellryggen
på nordsida av vatnet heite Dazavarri.
Her har vi namn på to språk
der forleddan betyr det same:
Dazavarri på norsk e Bumannsfjellet
og Bumannsvatnet på samisk e Dazajavrri.
Daza er altså bumann eller
folk fra storsamfunnet.

Dessa to namnan fortell om møte
mella to folkegruppe og to språk.
Av en eller anna grunn
har det samiske namnet blitt bevart i fjellet
og det norske i vatnet.
Vi kan ikkje førklare korførr.

Dazavarri e en rundaktig fjellrygg
som du kan følle frå veien ved tunellen
og utover mot Osteren.
Der e en flott senjatypisk fjelllflora,
så gle deg tel vandringa.
Går du oppover på Dazavarri,
vil du ha Bumannsvatnet på venstre sida
og Langdalsvatnet på høgre sida,,
Fjellryggen heite Langdalsryggen på norsk.
Du legg merke tel
at det norske og det samiske namnet
har heilt førskjellig betydning.
Det e altså ikkje oversettingsnamn.
Langdalsryggen høre tel Langdalsvatnet.
Dazavarri tel Bumannsvatnet.
Detta førtell om møte mella folk og kultura.
Førr vel 300 år sia begynte sama frå Sverige
å komme hit med rein på sommarbeite.
Di blei kalt svergeslappa her,
tel førskjell frå di gamle sjøsaman.
Mange samiske namn på Senja e nok ”svensk-samiske”,
men nokken e bevart frå det gamle sjøsamiske folket.

Det har vore uenigheit om ka som e
Bumannsvatnet og ka som e Langdalsvatnet.
På Cappelens veikart e det feil,
mens det e rett på Turkart Senja.
Det e heit klart at
Langdalsvatnet ligg nordaførr Langdalsryggen.
Det e langt og ligg i en lang smal dal.

Men ta turen, den e fin uansett namn!
Og så blir der gjerne litt lufting
så mesteparten av insektan holde seg borte.

Hakre
Ved hnn, kl 20:22
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: